Fleire gjennom portane til museet

Men færre besøkjande innandørs i musea.

Cecilie Webb lovar fleire midlertidige utstillingar enn nokon gong tidlegare i 2014. Foto: Per Aas, NHM

Rekneskapens time er komen, og NHM har fått besøkstala for 2013. Seksjonsleiar Cecilie Webb kan smila over at talet på personar gjennom teljeapparata ved portane i Botanisk hage er gått opp frå ca. 663 000 i 2012 til rundt 709 000 i fjor.

Mindre gledeleg er det at talet på besøkjande i Brøggers hus og Colletts hus (Geologisk og Zoologisk museum) har gått ned frå 115 000 til 103 000.

Tru på betring

– Vi reknar med at veret spelar inn både på besøkstala i hagen og i museumsbygningane. I 2013 hadde vi fint ver både på sommaren og eit godt stykke ut over hausten. Det lokkar folk ut, til å ta ein tur i Botanisk hage.

– Men nett det at folk vil vera utandørs, kan gjera det vanskeleg å få dei innandørs i musea, trur Webb.

Ho peikar òg på at NHM ikkje har hatt noko ny, stor utstilling sidan Hodejeger opna i april 2012. Ho har derfor god tru på betring i år.

– Vi opna Parasites – Life Undercover like før jul, og desember var faktisk ein av dei månadane der 2013 var betre enn 2012. Vi veit ikkje sikkert om det er nokon direkte samanheng, men det er oppmuntrande med auke uansett, seier Webb.

Teikningar av vintergreiner

– Vidare ut over jubileumsåret har vi fleire midlertidige utstillingar enn nokon gong. Om nokre veker opnar utstillinga Sexus, om kvifor vi har kjønn.

Litt seinare på våren kjem Gjennom naturen, der NHM og Munch-museet for fyrste gong samarbeider om ei utstilling. I august opnar Kaldt hav – hete spørsmål, ei vandreutstilling om korleis Norge forvaltar havressursane sine.

– Og alt no i januar opnar vi ei utstilling av gartnar Anita Oppedal sine vakre teikningar av trea sine vintergreiner. Den vil stå i foajéen i Lids hus (Botanisk museum), og vera tilgjengeleg i helgene.

Ho nevner òg utstillinga Heavy Metal & Punk fossils, som vil opna i samband med Øyafestivalen. Den vil bli plassert i det som no er inngangspartiet i Brøggers hus, men som vil bli stengt når den nye publikumspaviljongen mellom Brøggers hus og Colletts hus opnar i mars.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 15. jan. 2014 16:55 - Sist endret 5. aug. 2022 12:32