NHM gratulerer Teknisk Museum med 100 år

Har gjeve tre pileskulpturar til jubilanten.

Foto: Axel Dalberg Poulsen, NHM

Det er ikkje berre Naturhistorisk museum som jubilerer i 2014. 13. juli markerte Norsk Teknisk Museum (NTM) at det er 100 år sidan grunnleggjinga.

Det var om lag 100 gjester til stades, og NHM var representert ved jubileumsgeneral Axel Dalberg Poulsen.

Til jubileet har Tekna gjeve ein bautastein, som vart avduka av Tekna-president Lise Randeberg og NTM-direktør Hans Weinberger.

Fall i smak

NHM si gåve til NTM er tre pileskulpturar av lønnefrukter, utførde av briten Tom Hare. Dei vart sett opp samstundes som Hare sette opp fleire pileskulpturar ved NHM og på Blindern i mai.

– Då NTMs Dag Andreassen nemnde gåva i takketalen sin, kunne ein skjøna på applausen og mumlinga blant publikum at den fall i smak, seier Poulsen.

– Eg fekk òg vita at NTM har fått mykje ros av besøkjande for skulpturane.

7. desember vil Teknisk Museum overrekkja ein Victoria-benk til NHM som jubileumsgåve.

Lise Randeberg avdukar bautaen som er ei gåve frå Tekna. Foto: Axel Dalberg Poulsen, NHM

 

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 29. juli 2014 10:40 - Sist endret 5. aug. 2022 11:09