Ti opplevingar du må få med deg på veg til Øya

Dersom du skal på Øya-festivalen og tek vegen gjennom Botanisk hage, bør du setja av tid til å få med deg desse godbitane ved Naturhistorisk museum:

1. Heavy metal & Punk fossils

Ei utstilling med fossil frå rockeverda. Ja, vi planla den til dette tidspunktet for å lokka til oss Øya-publikummarar.


2. Victoriahuset

Både lotusen og victorianøkkerosa blømer når Øya startar. Lotusen blømer berre eit par dagar og eit par gonger i året, så dette er ein sjeldan sjanse. Victoria opnar seg i to netter på rad, men du kan i alle fall få med deg den kvite blomen om du er innom på dagen i mellom. Dei enorme nøkkerosablada er uansett verdt eit syn. Kjøtetande plantar finst det òg. Og sommarfuglar.


3. Welcome to Norway

På coveret til andreplata til Black Debbath står bandet oppstilt i fuglefjellmonteret i Robert Colletts hus (Zoologisk museum).

3 b) Bonus: i taket på monteret er det ein liten tegning av Donald Duck.


4. Gjennom naturen

Rundt om i Botanisk hage og inne i musea finn du maleri av Edvard Munch sett inn i ein naturhistorisk samanheng. Resten av utstillinga kan du sjå på Munch-museet.


5. Tyrannosaurus rex

Den må du berre sjå før eller seinare. Resten av dinosaurane finn du i andre etasje i Brøggers hus (Geologisk museum).


6. Ida

I 2009 vart Darwinius masillae plutseleg eitt av dei mest kjende fossila i verda. Saman med henne finn du mellom anna ein modell av Gastornis, ein nebbete fugl som kunne bli to meter høg.


7. Pileskulpturane

Den britiske kunstnaren Tom Hare har sett opp pileskulpturar av eit halvt eple, to sauer, tre soppar og fem lønnefrukter rundt om i Botanisk hage. Han har òg laga dei løkforma pilebenkane nedanfor Andedammen.


8. Sexus – en utstilling om kjønn

Det er digg med kjønn, men korleis kom det heile i gang? Er det nokon forbindelse mellom menneskehjernen og fjørprakta til påfuglen?


9. Morgonkaffi på Tøyen hovedgård

Kafeen i Tøyen hovedgård opnar klokka ti, men før den tid er vel ikkje du som Øya-publikummar oppe uansett. Kafeen er open til seks, og i sommarver kan det knapt tenkjast betre stader for ein kaffitår.


10. Jubileumsprogrammet

Gjennom heile året, kvart einaste år, har NHM tilbod til publikum. Plukk opp eit program og bla gjennom det eller ta det med deg. Du kan òg fylgja oss på Facebook eller melda deg på nyheitsbrevet vårt for å halda deg oppdatert på kva vi tilbyr.


...og til sist

Med Øya-armband får du halv pris på inngangsbilletten til musea.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 4. aug. 2014 18:36 - Sist endret 5. aug. 2022 11:11