Tøyen-elevar og "Tøyen-kameratar" besøkte NHM

Politikarane bak Tøyenløftet fekk oppleva isskulpturar laga av elevar frå Tøyen skole.

Den høgaste skulpturen er rundt to meter høg. Foto: Kristina Bjureke, NHM

I ei vekes tid har Peder Istad og teamet hans bygd islabyrint nedanfor Tøyen hovedgård, men onsdag var det borggården som fekk mest oppmerksomheit. 22 elevar frå Tøyen skole som fekk undervisning om is av universitetslektor Anne Birkeland på mandag, inntok i dag NHM for å byggja ei rekkje borger og tårn saman med iskunstnaren.

Då det nærma seg lunsjtid for elevane, fekk dei besøk av representantar for dei fire partia som står bak det såkalla Tøyenløftet i Oslo bystyre. Kommunen har støtta undervisningsopplegg og isskulptur økonomisk, og politikarane såg ut til å vera fornøgde med avkastninga.

Tettare band

– Det står kanskje aller mest respekt av at elevane toler å arbeida med is og kaldt vatn med så tynne hanskar, humra Hallstein Bjercke, nærings- og kulturbyråd frå Venstre.

Han la til at både elevane sine skulpturar og opplegget som Naturhistorisk museum har fått til, var imponerande.

– Vi støttar dette prosjektet som eit ledd i arbeidet med å knyta tettare band mellom universitetssamfunnet og kommunen, spesielt her på Tøyen, la han til.

Vitensenter

Dei andre Tøyenkameratane som var på Tøyen var Marianne Borgen (SV), Øystein Sundelin (H), Erik Lunde (KrF), Espen Ophaug (V) og leiar i bydelsutvalet Silje Winther (A). Saman med NHMs direktør Arne Bjørlykke og styreleiar Kristin Halvorsen fekk dei omvisning fyrst blant elevane sine isskulpturar og deretter i den stadig meir ferdige islabyrinten.

Alt på fredag held samarbeidet fram i meir formelle former. Då skal kommunen og NHM møtast for å diskutera korleis det komande vitensenteret på Tøyen best kan fungera saman med det nye veksthuset ved NHM.

Marianne Borgen, Kristin Halvorsen og Hallstein Bjercke beundrar ein av elevskulpturane. Foto: Unni Irmelin Kvam, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 25. jan. 2014 10:11 - Sist endret 9. des. 2019 19:17