Kulturministeren overrekte milliongåve

Kulturminister Thorhild Widvey (H) besøkte måndag NHM for å overrekkja 1,4 millionar i gåveforsterkingsmidlar.

Glade gjevarar og glad mottakar: Thorhild Widvey, Tone Lindheim og André Støylen. Foto: Karsten Sund, NHM

– No er det mindre enn ein million igjen av gåveforsterkingsmidlane for i år. Det viser at ordninga fungerer, sa kulturminster Thorhild Widvey då ho måndag la turen innom NHM for å kunngjera at museet får gåveforsterkingsmidlar frå departementet hennar.

Fram til februar i år gjaldt ikkje Kulturdepartementet si gåveforsterkingsordning universitetsmusea, fordi dei sorterer under eit anna departement, Kunnskapsdepartementet.

Men etter at ordninga vart lagt om, har det òg vore råd for NHM og dei andre universitetsmusea å søkja på desse gåveforsterkingsmidla. Gåver frå Sparebankstiftelsen DNB og Botanisk hages Venner utløyste forsterking på til saman 1,4 millionar.

Offentleg og privat

– Desse pengane skal brukast til sommarfuglhus og ei utandørs geologisk utstilling, kunne museumsdirektør Tone Lindheim fortelja då ho takka for gåva. Ho trekte òg fram behovet for finansiering av nye utstillingar i Brøggers hus, og uttrykte håp for ei tilsvarande finanseiring der òg, delt mellom det offentlege og private gjevarar.

Gåver for 3 millionar frå Sparebankstiftelsen DNB danna ein stor del av grunnlaget for forsterkingsmidla, og direktør André Støylen var til stades ved overrekkjinga.

– Det er alltid hyggjeleg at våre gåver utløyser fleire gåver, sa han, men understreka at at stiftelsen ikkje legg vekt på det når dei vurderer gåvesøknadar.

Sjå òg

Kulturministeren vil ha mer privat finansiering (Aftenposten)

Med seg tilbake fekk kulturministeren boka "Botanisk hage 1814–2014" og Ida-kosedyret som er til sals i museumsbutikken. Foto: Karsten Sund, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 7. okt. 2015 08:39 - Sist endret 5. aug. 2022 11:14