Omstendeleg arbeid på frøkontoret

Bildet kan inneholde: hånd, mat, oppskrift, ingrediens, rett.

Reinsing av frø er tidkrevjande arbeid. Foto: Siggen Mortensen

Palmebladet har vitja det aller heilagaste: Frøkontoret.

Her arbeider Liv Aarvoll og Tor Salve Mjaaland når dei ikkje er utomhus. Ute om vinteren arbeider dei med å skjære av uønska greiner, gjere reint fuglekassar, laga skilt, og pusse og male benkar. Så må også plantene i drivhusa fortsatt ha stell og vatn.

Her inne, på frøkontoret, tek dei vare på den nasjonale frøbanken. Ikkje den som dei har på Svalbard, og som mange tenkjer på. Nei, den er for kultiverte planter – korn til dømes. Her, i Botanisk hages frøkontor, har vi den nasjonale frøbanken for dei ville rødlista plantene våre, som kjem frå heile landet. Frøa vert sendt frøkontoret, og her tek så arbeidet til før frøa kan oppbevaras. Botaniker Kristina Biureke er prosjektleiar.

Ved sida av dette arbeidet kjem også alt frø som gartnarane og botanikarane våre samlar inn til frøkatalogen, til hagen, og til det frøet som vert tinga frå andre frøbankar i verda.

Her, på frøkontoret, har dei stille, omhyggjeleg og synskrevjande arbeid: Frøa skal tørkast – i eit eige skåp. Så vert dei reinsa – og det er ein møysommeleg prosess. Liv Aarvoll har lært seg å blåse vekk bøss frå sjølve frøa, noko ho tek opp att mange gongar. Bøsset feier ho varsamt av, og for kvar gong kommer frøa meir og meir fram. Endeleg ligg dei tydeleg att i dei fine små tretraua frå tidlegare tider, men som fortsatt verkar som dei skal. Den gamle støtaren – frå 1952 – tener også til å skilje ”klinten frå kveiten”; få knust det som ikkje skal takast vare på, og få fram sjølve frøa.

På biletet ser vi Liv Aarvoll i ferd med å blåse vekk bøss frå sjølve frøa, noko ho tek opp att mange gongar. Foto: Siggen Mortensen

Det vert mykje støv med slikt arbeid. Avsug har vorte montert – men det gir ein utriveleg bakgrunnsstøy. Ikkje så greit med avsug då. Vi er no ikkje i ein frøfabrikk der dei nyttar elektriske vifter. Dei frøa som handsamast her er av eit anna slag. Palmebladet får vera vitne til ein ikkje-kommersiell prosess med frø frå ville planter frå strand og vatn, frå fjell og fjord, og frå dei grøftekantane vi tidt berre går forbi utan å tenkje over kva for planteskattar dei rommar.

Når frøa er reinsa, skal dei i posar. Dei vert håndbretta; fint og omhyggjeleg. Så vert dei merka og ført inn i katalogen. Alt dette arbeidet går føre seg seinhaustes, før jul. Etter jul kjem tingingar på frø frå Sverige, England, Tyskland – ja, heile Europa, jamvel frå USA og Asia. Dei aller fleste botaniske hagar i verda har slike frøkatalogar. Og frø vert bytta. Til glede for alle oss som nyttar dei botaniske hagane. Nett no vert frø frå Georgia reinsa. Dersom spire-evna er god, får vi etter kvart sjå plantene utomhus.

Det siste eg får sjå før eg forlet frøkontoret er mjukt havfruegras (Najas flexilis) i spireskåpet. Altså i ein inkubator der Tor og Liv styrer daglengde, temperatur og lys. Gartnaryrket i Botanisk hage rommar sanneleg mange viktige område – også om vinteren.

Av Siggen Mortensen
Publisert 4. apr. 2018 08:46 - Sist endret 5. aug. 2022 12:44