English version of this page

Insektsamlinga

biller på nåler i samlingskasse

Noreg si største samling av insekt og omfattar kring 2,5 millionar insekt og andre landlevande leddyr.

Insektsamlinga

Insektsamlinga er Noreg si største samling av insekt og omfattar kring 2,5 millionar insekt og andre landlevande leddyr. Samlinga representerer småkryp frå heile verda, men det meste er likevel norske insekt.

Dei fleste objekta er tatt vare på og lagra på nål i kassar, men det finnast også mykje materiale konservert i alkohol. I tillegg har vi ein del preparat som er tillaga for å bli studert under mikroskop. I tillegg til insekta, reknast også følgjande grupper med i samlinga: Edderkoppdyr (Araneae), tusenbein (Diplopoda) og skolopenderar (Chilopoda).

Typesamlinga utgjer omtrent 1.500 artar, og omfattar artar frå alle kantar av verda. Når ein ny art vert skildra, vel ein ut eitt eller fleire individ til å representera denne arten for framtida. Dette blir gjort i tråd med eit internasjonalt regelverk, og museet sitt typemateriale er noko av det mest verdifulle vi har.

Bildet kan inneholde: brun, sommerfugl, pollinator, insekt, leddyr.

Utforsk våre samlinger

Trenger du eksemplarer eller prøver til ditt forskningsprosjekt og ønsker tilgang til våre samlinger? I vår digitale samlingsportal kan du søke etter spesifikke objekter. 

Søk i samlingen

Tilknytta personell

Kontakt

Insektsamlinga
g.e.e.soli@nhm.uio.no

Naturhistorisk museum
v/Geir Søli
Universitetet i Oslo
Postboks 1172 Blindern
0318 Oslo