Når kunnskapen ikkje finst

– Få er uenige i at vi skal ha kunnskapsbasert naturforvalting. Men kunnskapen som forvaltinga skal baserast på, er mangelfull, seier professor Rune Halvorsen.

Mykje natur i Norge. Her Leirungsdalen i Jotunheimen. Foto: Rune Halvorsen, NHM

Sist veke deltok professor Rune Halvorsen frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM) i open høyring om kunnskapsbasert naturforvalting i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Alle dei inviterte støtta hovudtankane i framlegget, frå WWF Norge til Norges Skogeierforbund. Sistnemnde beklaga at forvaltinga i dag er prega av forvaltingsvedtak som er for svakt faglig begrunna.

– Det har dei langt på veg rett i. Dei siste 15–20 åra har vi i Norge brukt hundrevis av millionar på kartleggjing av naturypar og landskap, men store delar av kartleggjinga oppfyller ikkje rimelege krav til presisjon, verdinøytralitet og etterprøvbarheit.

Variert natur

– Når dette manglar, vert grunnlaget for forvaltingsvedtaka for svakt, og vil dermed ikkje ha den nødvendige tillita hjå dei interesserte partane, seier Halvorsen.

Men det er eit problem med den kunnskapen som naturforvaltinga skal baserast på: langt på veg finst den ikkje.

– Få europeiske land har så variert natur som Norge, men kunnskapen vår om denne variasjonen er svært mangelfull.

Beskrivande forsking nedprioritert

– Paradokset er at medan samfunnet i stadig større grad etterspør kompetanse i artar, naturtypar og kartleggjingsmetodikk, klarar universitetssamfunna i stadig mindre grad å dekkja dette behovet, seier Halvorsen.

– Forsking som har som hovudformål å beskriva naturmangfald i Norge, har vanskar med å nå opp i open kamp om forskingsmidla.

– Årsaka til dette er internasjonaliseringa av forskingsverda, som har auka fokuset på metodar, generelle mekanismar og prosessar, medan beskrivande forsking, som har nasjonal interesse, har blitt prioritert ned.

Senter for naturmangfaldkunnskap

– Politikarane vegrar seg mot å instruera universitet og høgskular om kva dei skal forska på og kva dei skal undervisa i. Derfor synest det som om universitets- og høgskulesektoren må få øyremerka midlar for å klara å møta dette samfunnsbehovet.

Han meiner at dei gode erfaringane med forskarskulen i biosystematikk er eit godt grunnlag for å rekruttera studentar med interesse for, og fleire forskarar med kunnskap om, naturmangfald.

For Halvorsen er den opplagde løysinga eit senter for naturmangfaldkunnskap med utspring i den kompetansen som finst ved universitetsmusea.

Tredeling av ansvaret

– Eit slikt senter burde ha det overordna faglege ansvaret for kunnskapsgrunnlaget som naturforvaltinga skal byggja på. Ansvaret for lagring og tilgjengeleggjering av verdinøytrale data om naturtypar bør liggja hjå Artsdatabanken, og ansvaret for dei forvaltingsmessige vurderingane hjå den enkelte sektormyndigheiten.

– Ei slik tredeling av ansvaret er etter mitt syn den beste måten å sikra ei fagleg basert forvalting av norsk natur, seier Halvorsen.

Han viser til den pågåande diskusjonen om vern av den såkalla «eventyrskogen» i Oslomarka.

Ikkje tvil om intensjonen

– Det var i utgangspunktet markalova som skulle brukast til vern av område med opplevingsverdier som grunngjeving («eventyrskog»). Det kan sjå ut som om ein har tydd til Naturmangfaldlova som ei reserveløysing når vern etter markalova ikkje lot seg gjennomføra etter planen.

– Det vil i så fall vera eit misbruk av lovverket og eit døme på naturforvalting som ikkje er kunnskapsbasert. Fordi det er så viktig å ta vare på naturmangfaldet, er Naturmangfaldlova ei spesielt viktig lov, som må brukast på en slik måte at det ikkje er tvil om at intensjonen er å ta vare på naturmangfaldet.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Rune Halvorsen under høyringa i energi- og miljøkomitéen. Skjermdump: Stortinget. Sjå heile innlegget til Halvorsen her

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 21. jan. 2015 15:08 - Sist endret 29. jan. 2015 09:00