Etterspurd forskarskule i biosystematikk

Sidan starten i 2010 har forskarskulen FoRBio gjeve rundt 300 deltakarar kurs og opplæring i biosystematikk. I dag starta den tredje årlege ForBio-konferansen.

Magnus Popp ved Naturhistorisk museum er leiar av ForBio (Forskarskulen i biosystematikk), og på den fyrste dagen av konferansen er han sjølvsagt overalt for å syta for at alt fungerer som det skal for dei rundt 80 deltakarane. Samstundes vil han gjerne ha med seg noko av det faglege innhaldet òg.

– Travelt, men trevligt, seier den blide svensken.

Skandinaviske universitet

I løpet av dei tre åra ForBio har eksistert, har dei hatt rundt 300 deltakarar på 24 kurs i biosystematikk.

Dei fleste deltakarane er stipendiatar og post.doc.’ar frå universitet i dei skandinaviske landa. Men dei har òg skandinaviske masterstudentar, doktorgradsstudentar og post.doc.’ar frå utanlandske forskingsinstitusjonar, i tillegg til seniorforskarar, lærarar, tilsette i forvaltninga, konsulenter og andre interesserte. I motsetning til dei ordinære deltakarane må desse betala for reise og opphald sjølve når dei deltek på kurs eller feltarbeid.

I løpet av 2013 vil dei òg sjå på muligheiten for å dra inn Island og Finland òg i samarbeidet.

Reidar Elven (t.v.) frå NHM og Anders Larsson frå Uppsala universitet diskuterer bregnesystematikk på ForBio-konferansen 2013. Foto: Magnus Popp, NHM

Underskot på kompetanse

– Det er langt fleire enn ”reine” biosystematikarar som har nytte av litt kunnskap om biosystematikk, mellom anna har vi hatt ein del økologar som deltakarar, fortel Popp.

Han fortel at ForBio starta opp som eit mottrekk mot det stadig aukande underskotet på biosystematisk kompetanse. Men forskarmiljøa ved dei enkelte universiteta var for små for å klara å tilby avanserte kurs med internasjonale størrelsar.

ForBio har derfor som hovudmål å samordna forskingsmiljøa og tilby både grunnleggjande og avanserte kurs, både teoretiske kurs og feltkurs. Heilt frå starten fekk dei stadfesta at det eksisterte eit udekka behov.

Solid biosystematisk nettverk

– Dei fyrste kursa vart fullteikna på kort tid, og mange deltok for eiga rekning. Folk er ikkje like paniske i dag, no som vi har blitt etablerte og folk kan rekna med at det kjem fleire kurs. Men framleis har vi god dekning.

ForBio tilbyr både teoretisk og praktisk opplæring, og vert drive av universitetsmusea i Oslo (NHM), Bergen, Tromsø og Trondheim. I tillegg til musea si eigenfinansiering er ForBio dirve med støtte frå Artsdatabanken og Forskingsrådet.

– I alle fall ut 2014, for det er så lenge vi har finansiering foreløpig, fortel Popp.

– Men eg håpar vi vert i stand til å halda oppe eit like høgt aktivitetsnivå ut over det òg. Eg er overtydd om at vi har bidratt til å heva det faglege nivået hjå deltakarane våre, seier Popp, og slår fast at uansett har ein lukkast med å byggja opp eit solid biosystematisk nettverk over landegrensene.

ForBios heimeside

Les meir:
Mangler kunnskap om norsk natur (12. april 2010)
Museer utdanner forskere i artsmangfold (Forskningsrådet, 9. januar 2013)
En ny generasjon av biosystematikere (Forskning, februar 2013)

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 4. mars 2013 18:22 - Sist endret 4. aug. 2020 10:57