Bok fra oven

No er dei seksten norske meteorittane samla mellom to permar. Norge er det fyrste landet i verda som får ei slik bok.

Rune S. Selbekk viser fram Valle-meteoritten, som vart funnen i 2013. Foto: Unni Irmelin Kvam, NHM

Rune S. Selbekk er fyrsteamanuensis ved Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo, og landets fremste meteorittforskar. I fjor mottok han nesten 400 e-postar frå folk som lurte på om dei hadde funne ein meteoritt.

Men sidan den fyrste meteoritten i Norge vart funnen i 1848, er det berre registrert seksten vitskapleg godkjende meteorittar her til lands. Då seier det seg sjølv at dei aller fleste som henvender seg til Selbekk må bli skuffa.

Norgesrekord i meteorittfinnarar

– Men det viser jo den store interessa som finst for meteorittar og andre fenomen på himmelen, seier Selbekk.

Saman med tre andre har han no skrive boka «Norske meteoritter», som vert lansert laurdag 14. juni. Lanseringa skjer i Mineralsalen ved NHM, der 15 av dei 16 norske meteorittane er utstilt, saman med fleire utanlandske meteorittar.

– Vi siktar på å setja norgesrekord i å samla flest meteorittfinnarar på same stad. Så langt ser det ut til at vi kan få samla seks-sju av finnarane til lanseringa.

Ein meter frå å bli treft

Den auka interessa for og kunnskapen om meteorittar har gjort at det vert funne stadig fleire meteorittar. På heile 1800-talet vart det ikkje funne meir enn fire meteorittar til saman, like mange som det er funne dei fyrste fjorten åra av dette århundret.

Selbekk forklarar at det er den auka interessa som har ført til at det no vert funne fleire meteorittar.

– Tidlegare vart dei fleste meteorittane oppdaga fordi folk såg fallet. Pollen-meteoritten som falt ned i 1942, var til dømes ikkje meir enn ein meter frå å treffa den tolv år gamle Randi Pollen.

Kompetente fagfolk

– I dag har vi eit nettverk av meteorinteresserte som overvakar netthimmelen. Ved hjelp av peilingar frå ulike kamera og trykkforandringsdata frå det seismologiske forskingsinstituttet NORSAR på Kjeller, kan ein lokalisera området der meteoritten har falt ned.

– I dag foregår det altså ei målretta leiting etter nedfalne meteorittar, seier Selbekk. Han skulle gjerne hatt fingrane i meteoritten som falt nær Ringdalsvatnet ved Odda i desember, men fryktar at den kan ha falt i eit vatn, sidan leitinga så langt ikkje har gjeve resultat.

Han oppfordrar alle til å ta kontakt dersom dei finn noko som kan vera ein meteoritt, slik at den kan verta undersøkt og registrert vitskapleg av kompetente fagfolk.

Valle-meteoritten slik den låg i terrenget då Terje Fjeldheim fann den. Finnaren donerte meteoritten til NHM. Foto: Terje Fjeldheim

Dugnadsarbeid

– Under eit meteorittfall kan meteoritten ofte verta delt opp i fleire bitar. Vi har ikkje ambisjon om å ha alle norske meteorittsteinar, men vi ynskjer å ha ein frå kvart fall.

– Dette vert gjerne løyst ved at vi kjøper eller får ein del av meteoritten frå finnaren. I det siste tilfellet vert navnet til finnaren knytt til den utstilte steinen for alltid, seier Selbekk.

«Norske meteoritter» er i tillegg til Selbekk skrive av mikrometeorittentusiast Jon Larsen, meteorittkjennar Morten Bilet, som m.a. driv Bilet Geoservice, og amatørgeolog Øyvind Thoresen., som har teke nye fotografi av NHM sine meteorittar til boka.

Boka er eit dugnadsarbeid, og eit eventuelt overskot vil fyrst bli brukt til å laga ei engelsk utgåve av boka. Deretter vil overskotet bli delt mellom Geologisk Museums Venner og Norsk meteornettverk, slik at det støttar opp under norsk meteorittforsking.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 11. juni 2014 10:05 - Sist endret 5. aug. 2020 19:08