- Naturminnevern utan verdi

Bildet kan inneholde: vann, tre, berggrunn, jord, gress.

Foto: Jon Markussen, Fylkesmannen i Oslo og Akershus

- Vern av naturminne vert ikkje teke på alvor i rettssystemet. Naturminne er pariakasten i norsk fredingspolitikk, seier paleontolog Hans Arne Nakrem oppgitt etter ein nyleg dom i Oslo byrett.

Saka i byretten var reist mot ein av grunneigarane på Malmøya, som politiet meinte hadde gjort ulovlege inngrep i berggrunnen.

Store deler av kystlinja rundt Malmøya er freda som ein del av det såkalla Oslofeltet, som trekkjer seg frå Mjøsa til Langesund. Feltet er internasjonalt kjent på grunn av den heilt særeigne geologien her.

- Svært skuffa

- Malmøya er som ei historisk plansje over utviklinga av livet på Jorda. Øya har vore relativt vanskeleg tilgjengeleg, slik at avsetningane stort sett har fått vera i fred.

- No ligg dei lagvis og opp i dagen, slik at vi kan lesa fossilsamansetjinga bakover i tid, seier Nakrem, som er fyrsteamanuensis ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Grunneigaren vart frifunnen på alle punkta i tiltalen, som gjaldt oppføring av nye anlegg, utfylling av masse og anleggjing av sti.

- På nokre av punkta har eg forståing for at retten vel å frikjenna. Men på eit par punkt må eg seia meg svært skuffa over dommen, seier Nakrem, som sjølv stilte som sakkyndig vitne for påtalemakta.

- Djupt usamd med retten

Det eine punktet gjeld forståinga av fredingsvedtektene. Grunneigar har jamna ut og fylt opp med utrast lausmasse og fjellblokker. Vedtektene forbyr ”utførelse av […] fyllingsarbeider”, men dommen seier at ”…tilrettelegging av nedraste fjellblokker og raking av skifergrus kan [ikke] retten se er i strid med Fredningsbestemmelsene”.

- Eg er djupt usamd med retten si tolking her. Dommen argumenterer for at det faktisk er ein fordel at nedrasa blokker vert dekka til på denne måten. Denne oppfatninga er heilt på tvers av kva som er hensikta med ei freding, seier Nakrem.

Fotodokumentasjon

Mest frustrert er han likevel over at retten ikkje har funne det bevist at grunneigar har pigga ut fjellet for å anleggja ein sti.

- Vi har lagt fram fotodokumentasjon for korleis fjellet såg ut like etter pigginga og korleis det ser ut i dag. Bileta viser tydeleg at det er brukt piggmeisel for å fjerna fjellet, men retten har valgt å oversjå dette.

- Eller rettare sagt, retten meiner det er grunn til å tvila på om det er brukt andre reiskapar, som spett. Eg skulle likt å sjå armmusklane på den mannen som klarer å laga slike spor med eit spett, humrar Nakrem galgenhumoristisk, før han minner om at same kva reiskap som var brukt, ville det vera like ulovleg.

- Bagatelliserer inngrep

- Med dei strenge krava retten stiller til dokumentasjon, er det i praksis fritt fram for grunneigarar til å ta seg til rette, meiner han, og trur utfallet hadde vore eit anna om det hadde vore kulturminne som hadde vore utsett for same behandlinga:

- Retten bagatelliserer mindre inngrep. Men det er jo nettopp for å hindra dette at området er freda, seier Nakrem.

Vurderer anke

- For kva om dette hadde skjedd med helleristingane i Alta, til dømes? Ville retten då ha sagt ”det er ikkje så nøye om nokre av dei vert øydelagde, vi har framleis meir enn 6000 att?”, spør han retorisk.

- Vi registrerer at byretten har vurdert bevisa annleis enn oss, og vurderer å anka saka. Men det er ikkje avgjort enno, opplyser politiadvokat Carl Graff Hartmann.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Sjå òg: - La Malmøya vera i fred!

Ferske spor etter utpigging av berggrunn2005: Ferske spor etter utpigging. Støvet ligg framleis att i spora. Foto: Jon Markussen, Fylkesmannen i Oslo og Akershus

Spor etter utpigging nokre år seinare2010: Spora er framleis tydelege, men har blitt mørkare etter oksidering og/eller forvitring. - Ufatteleg at retten har valgt å oversjå dette, seier Nakrem. Foto: Hans Arne Nakrem

Av Torstein Helleve
Publisert 6. juni 2010 00:00 - Sist endret 3. aug. 2022 19:41