- La Malmøya vera i fred!

Store deler av kystlinja rundt Malmøya i Oslofjorden er freda som naturminne, men det skjer mange brot på fredingsvedtektene. No ber paleontolog Hans Arne Nakrem styresmakter og publikum om å respektera vernet.

- Det høyrest sikkert litt pussig ut at det skal vera nødvendig å verna berggrunnen i eit land som Norge. Umiddelbart skulle ein kanskje tru at om det er noko vi ikkje har mangel på her til lands, så er det stein, seier Nakrem, som er fyrsteamanuensis ved NHM ved Universitetet i Oslo.

Nye brot årleg
Men faktum er at det såkalla Oslofeltet, som trekkjer seg frå Mjøsa til Langesund, er internasjonalt kjent på grunn av den heilt særeigne geologien her.

- Oslofolk kjenner lite til kva skattkiste dei har under føtene sine, og det er kanskje derfor vernevedtektene ikkje vert fulgt, trur Nakrem.

- Malmøya er som ei historisk plansje over utviklinga av livet på Jorda. Øya har vore relativt vanskeleg tilgjengeleg, slik at avsetningane stort sett har fått vera i fred. No ligg dei lagvis og opp i dagen, slik at vi kan lesa fossilsamansetninga bakover i tid.

Hans Arne Nakrem- Malmøya er ein del av verdsarven, og det er vår plikt å ta vare på den, seier Hans Arne Nakrem. Foto: Per Aas, NHM

 

Kvart år har Nakrem med seg studentar på ekskursjon til Malmøya, og nesten kvart einaste år oppdagar dei nye brot på vernereguleringane.

Millionar av år gamle
- Det kan vera flytting og knusing av steinblokker, ulovleg oppsette bryggjer, boltar som er slått ned i fjellet til å fortøya båtar i, eller folk som malar ”PRIVAT” med store bokstavar direkte på fjellet. Dei taggar utan blygsel ned naturminne som kan vera hundrevis av millionar år gamle, seier Nakrem oppgitt.

På ekskursjonane sine har han fleire gonger kome over folk som brenner bål, og som reagerer med å verta overraska når dei får beskjed om at det ikkje er lov. Men han har egentlig lite til overs for argument om at reglane kan vera vanskelege å forstå.

- Dei verna områda er tydeleg merka. Det norske riksvåpenet på skilta burde vera enkelt å kjenna att. Og det er jo grunneigarane som kjenner øya som står for det meste av hærverket, ikkje tilfeldig forbipasserande. For dei syter jo grunneigarane for å jaga vekk, seier Nakrem med eit lite glimt i auga.

Uniformert politi
Nyleg vart ein grunneigar frikjend for inngrep i berggrunnen på Malmøya. Nakrem er lite nøgd med dommen, men håpar at den vert anka. Han håpar òg at denne rettssaka vert etterfulgt av fleire, slik at dei vedtekne verneplanane vert fulgt.

- Det er jo ikkje slik at vi paleontologar ynskjer å gjera livet surt for folk, tvert imot. Desse fossila er ikkje berre ein nasjonal arv, men faktisk ein del av naturarven for alle menneske på jorda. Det er vår plikt å ta vare på dei, ivrar Nakrem, og fortel om då han hadde omvising blant øyene med representantar frå Oslo-politiet:

- Vi såg brot på verne- og fredingsreglar mange stader, og det var nok mange av dei som hadde tent bål ulovleg som fekk seg ein støkk når det plutselig låg ein båt ute på vatnet med femten uniformerte politifolk om bord som kikka på dei. Men heldigvis for dei var det falsk alarm den gongen.

Ulovlege inngrep på Malmøya

Alle foto: Hans Arne Nakrem, NHM

Øydelagd fossil

Jernstolpar borte ned i fjellet

Fyllmasse

Opphogd berggrunn

Les meir om dette inngrepet

Teksten "PRIVAT" malt på svaberg

Etterlatne eingongsgrillar

Stort oskefelt

Brennande bål

Av Torstein Helleve
Publisert 4. juni 2010 14:15 - Sist endret 8. des. 2019 10:38